Hopp til hovedinnhold

Felles uttalelse for medisinsk nøytralitet

«FN melder om eit helsevesen i Gaza på randen av kollaps.» Illustrasjon: Canva / Psykologforeningen
Felicia Rolf 07.12.2023

Sammen med en rekke andre organisasjoner og foreninger har vi kommet med en felles uttalelse om grusomhetene de sivile og helsearbeidere utsettes for på Gaza.

På tidspunktet dette innlegget blei skriven, har det ifølge WHO blitt gjennomført 401 angrep på helsehjelp i Israel/Palestina-konflikta. Dette gjeld både helseinstitusjonar, ambulansar, helsepersonell og pasientar. Mange av desse kan ha vore krigsforbrytingar. Angrepa må ta slutt.

I følge internasjonal humanitærrett skal humanitærarbeidarar, sjukehus og helsepersonell vere under særskilt beskytting i konfliktar. Det vi no ser utspille seg i krigføringa mellom Hamas og Israel er ekstremt urovekkande. Sjukehus har blitt bomba med luftangrep, helsepersonell har mista livet i konflikta og utsettast dagleg for fare medan dei behandlar pasientar. Som ein ytterlegare byrde slepper ikkje forsyningar med medisinsk utstyr, medisinar, reint vatn og drivstoff inn i Gaza. Det gjer det umogleg å tilby forsvarleg helsehjelp. FN melder om eit helsevesen i Gaza på randen av kollaps. Det finnast snart ikkje forsyningar nok til å klare å gi livsnødvendig helsehjelp til sivilbefolkninga.


Befolkninga i Gaza står ovanfor eit livslangt reparasjonsarbeid for ein heil generasjon.


Gaza sin befolkning består av mange menneske med kritiske ikkje-smittsomme sjukdommar som diabetes og hypertensjon, samt nyresvikt og kreft. Desse sjukdommane treng langvarig og tett oppfølging som no er svært krevjande. Samtidig gjer vanskelege arbeids- og buforhold og mangelen på reint vatn infeksjonssjukdommar hos pasientar og helsepersonell til eit stadig aukande problem. Samla vil dette lede til ein enorm folkehelsekrise.

Sivile i Gaza er fanga midt i ein inhuman krigføring som kan gi livslange fysiske og psykiske skadar. Den konstante frykta og dei sterke inntrykka menneske utsettast for dagleg kan gi alvorlege stressreaksjonar og psykiske traumetilstander. Krigstraumer følger svært ofte livet ut, sjølv etter at krigen har opphørt. Befolkninga i Gaza står dermed ovanfor eit livslangt reparasjonsarbeid for ein heil generasjon.

Vi ber regjeringa om å vere tydeleg i sin motstand mot angrep på helseinstitusjonar og helsepersonell og å stå opp for at sivile får tilgang til helsehjelp. Dette innebærer også å nytte sitt diplomatiske nettverk til å oppfordre andre land og aktørar til å gjere det samme. Hensynet til sivilbefolkinga må vege tyngst i Norge sin kommunikasjon med alle partar. Helseinstitusjonar må ikkje bombast, helsepersonell må få gjere jobben sin utan å bli utsatt for fare, og kritisk medisinsk forsyning må sleppe inn i Gaza.

Teksten ble først publisert i Klassekampen, 05. desember 2024.

Teksten er skrevet i et samarbeid på tvers av organisasjoner

  • Legeforeningen
  • Tannlegeforeningen
  • Norges Farmaceutiske Forening
  • Klinisk ernæringsfysiologers forening
  • Norsk Sykepleierforbund
  • Jordmorforbundet NSF
  • Landsgruppen av helsesykepleiere NSF
  • Kreftforeningen
  • Det medisinske fakultet ved UiO
  • Det helsevitenskapelige fakultet ved UiT
  • Det medisinske fakultet ved UiB
  • SUSTAINIT (Enhet for bærekraftig helse) ved UiO
  • Amnesty International Norge
  • Redd Barna
  • NORWAC
  • Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom
  • Changemaker
  • Studenter Uten Grenser
  • Farmasøyter Uten Grenser
  • Psykologistudenter Uten Grenser
  • Medisinstudentenes humanitæraksjon
  • NorPal-Sawa
  • Kampanjen «I solidaritet med helsepersonell i Gaza»
  • Psykologforeningen